Kurs og konferanser

Se alle kurs og konferanser

Veilederforums logo

Student med bøker og pc

Mastergradsstipend

Vox lyser ut stipend til studentar som skriv om norskopplæring, grunnleggande ferdigheiter og karrie ...
Vox lyser ut stipend til studentar som skriv om norskopplæring, grunnleggande ferdigheiter og karriererettleiing. 

Formål

Vox lyser ut inntil seks stipend til studentar som skriv masteroppgåve om eitt av dei tre fagområda. Stipenda skal bidra til å auke kunnskap og kompetanse om metode, innhald og organisering av opplæring for vaksne i alle livsfasar, i tillegg til karriererettleiing for ungdom og vaksne.

Emne

For å søke stipend frå Vox, må du skrive om eit emne som er direkte relevant for eitt av dei tre fagfelta norskopplæring, grunnleggande ferdigheiter eller karriererettleiing.

I årets utlysning er vi særskilt interessert i

  • kommunanes handtering av arbeidsretta opplæring for nyankomne flyktningar
  • arbeidsretta norskopplæring
  • tilrettelegging av opplæring i norsk og samfunnskunnskap for deltakarar med særskilte behov
  • karriererettleiing på innvandrarar
  • karriererettleiing i samband med utanforskap
  • lærarkompetanse knytt til grunnleggande ferdigheiter for vaksne
  • kartlegging og vurdering for læring
  • lærarkompetanse knytt til opplæring i alfabetiseringsmodulen og spor 1 (sjå Læreplan for norsk og samfunnskunnskap). Vi vil legge vekt på rekning, munnleg norsk og digitale verktøy.
  • andre tema som fell inn under fagfelta norskopplæring, grunnleggande ferdigheiter og karriererettleiing kan også bli vurdert.

Kriterier

Den som søker må ha eigen rettleiar og må legge ved ei tilråding frå vedkommande. Prosjektomtalen må vere godkjent av rettleiar/institutt og må ikkje overstige fem sider.

I tillegg til emneområde vil søknadene bli vurderte ut frå i kva grad oppgåva vil kunne gi ny kunnskap. Karakterar frå relevant utdanning og metodeforståing blir òg vurdert.

Praktisk informasjon

Søknadsfrist

Ordinær søknadsfrist er 15. juni. Eventuelle middel som står att etter ordinær tildeling kan bli lyst ut i desember. Følg med på Vox sitt nyhendebrev.
Kontroller at du har ei oppdatert utlysing når du søker. Vox kan gjere mindre endringar i utlysinga fram til to månader før søknadsfristen.

Utbetaling

Stipenda er på 30 000 kroner per student. Halvparten blir utbetalt ved start og resten blir utbetalt når oppgåva er bestått.

Anna informasjon

Vox kan ikkje hjelpe med utforming av problemstilling eller fagleg rettleiing.
Vi føreset at oppgåva blir publisert på studiestaden sin nettstad, og vil vurdere å lenke frå nettsidene våre til masteroppgåva. Stipendmottakarane kan bli bedt om å presentere oppgåvene sine for Vox, og i andre samanhengar i regi av Vox.
Det er ikkje mogeleg å få masterstipend frå Vox meir enn ein gong, sjølv om ein søker på eit nytt emne.

Vi tar atterhald om endringar i statsbudsjettet.

Send søknad

Last ned søknadsskjema (Word)

Send søknadsskjema til

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk v/Kari H. Letrud og Stine Aasheim
Postboks 236 Sentrum
0103 Oslo

Merk konvolutten «2016/17 – Mastergradsstipend 2016». 

Infografikk som viser at 49 prosent av studentene oppgir å ha behov for karriereveiledning