Partnarskap for karriererettleiing i fylka

Partnarskapa for karriererettleiing i fylka er sentrale for å nå dei nasjonale måla om økt tilgang, auka kvalitet og profesjonalitet samt eit likeverdig tilbod om karriererettleiing. Dei fylkesvise karrieresentera har, der dei er etablert, ei viktig rolle i denne måloppnåinga.

Ulik organisering

Det er stor variasjon i korleis fylkeskommunane organiserer arbeidet med karriererettleiing. 18 fylkjer har partnarskap for karriererettleiing. 16 av desse partnarskapa er formalisert gjennom skriftlege avtalar. Alle partnarskapa består av fylkeskommunen og Nav. Utover dette er dei store variasjonane når det gjeld tal deltakarar i dei ulike partnarskapa, korleis dei er organiserte og kvar formaliserte partnarskapa er. I mange fylke er det etablert karrieresenter eller liknande, men her er det også variasjonar i tal på karrieresentre internt i fylka, målgruppe for sentera og kva tilbodet består av.


Det er også store variasjonar i kor lange partnarskapa har kome i etablering og drift. Somme fylke opplever utfordringar med overgangen frå prosjektfase til ordinær drift, forankring på leiarnivå for representantane i partnarskapet og geografien i fylket.

Rapporten «Partnerskap – eller løse samanhenger?» (pdf) frå Østlandsforskning opplyser problemstillingar rundt organiseringen av fylkesvise partnarskap.


Rapporten «Karriererettleiing i fylka» fra Vox (2012) frå Vox (2012) la fram omfang, organisering, tilbod og kompetanse ved karrieresentera, og er den første samla oversikta over aktiviteten ved karrieresentera i Noreg.

Tilskott til partnerskapa

Nasjonal eining for karriererettleiing forvaltar tilskottet til dei fylkesvise partnerskapa for karrierettleiing.