NVL

Vox er vertsorganisasjon for Nordiskt Nätverk för Vuxnas Lärande (NVL) fram til 2016.

NVL er eit nettverk under Nordisk Ministerråd og har som oppgåve å støtte det nordiske samarbeidet innan vaksne si læring. Nettverket arbeider på tvers av sektorar og er ein møtestad for prosjekt og organisasjonar frå ulike område innan livslang læring. NVL blei etablert i 2005.

Vox som vertsorganisasjon

Vox har vore vertsorganisasjon for NVL sidan 1. juli 2009. Perioden som vertskap blei fornya i 2013 med nye fire år, og varer ut 2016.

Rolla som vertsorganisasjon omfattar tre hovudoppgåver:

  • hovudadministrator
  • fagleg koordinator
  • kommunikasjonsansvar

Som vertsorganisasjon er Vox ein aktiv medspelar i utviklinga av organisasjonen, strategiplanane til NVL og planer for verksemda. Vox utfører i tillegg forvaltningsoppgåver for NVL

Utfordringar for NVL

Som vertsorganisasjon har Vox peikt på utfordringar for NVL og identifiserte mogelege utviklingsområde. Dette har skapt god synergi for både Vox og NVL

Vox meiner at NVL som nettverksorganisasjon må sørgje for å vareta spisskompetansen og erfaringskompetansen i dei nordiske fagmiljøa på ein heilskapleg og utviklande måte.

Utfordringar framover er å styrkje og utvikle NVL sin kommunikasjon og spreie nordiske resultat nasjonalt og internasjonalt. NVL har også utfordringar med å styrkje og reindyrke nettverksarbeid som arbeidsmetode og hjelpe til auka samspel mellom dei forskjellige faglege nettverka og arbeidsgruppene.

Les meir om nettverket på NVL sine nettsider