Kunnskapsgrunnlaget
Sluttrapport frå prosjektet om den retten vaksne har til grunnskole og vidaregåande opplæring.
Rapportane frå det toårige prosjektet «Kunnskapsgrunnlaget om voksne i grunnskole og videregående opplæring» presenterer resultat frå ei spørjeundersøking om vaksne i grunnskoleopplæring. Spørjeskjema vart sende til alle kommunane i landet hausten 2004.
Hovudfunn frå prosjektet
Det er til saman utgitt fem hovudrapportar og to kortrapportar i prosjektperioden. I sluttrapporten vert hovudproblemstillingar, metodisk tilnærming og resultat frå desse rapportane presenterte.
Prosjektet vart gjennomført på oppdrag frå Utdannings- og forskingsdepartementet i samarbeid med Utdanningsdirektoratet (tidlegare Læringssenteret).
Om rapporten
Forfattarar: Vigdis Haugerud, Sigrun Røstad, Tor Arne Stubbe
ISBN: 82-7724-082-1
Utgitt: Vox 2005
Sidetal: 16