Kropp og helse - Nynorskutgåve
Temaheftet Kropp og helse er for lærarar og deltakarar i norskundervisning for framandspråklege. Heftet er det første av fem med samfunnsfaglege emne laga for vaksne innvandrarar med lite skolegang.
250,- + porto/eksp.
Vox har gjort temaet kropp og helse til ein del av norskopplæringa for innvandrarar med låg utdanning. Målet er å gi innvandrarar, spesielt kvinner, kunnskap og mot til å ta kontroll over eiga helse samtidig som dei lærer norsk.
Utforma av innvandrarkvinner
Tekstane er vortne til på skoleverkstaden i Bydel Furuset i Oslo. Her har innvandrarkvinner med lite skolegang stått sentralt i utforminga av tekstane. Alle tekstane er derfor utprøvde og tilpassa målgruppa.
Målet er å presentere relevante samfunnsfaglege emne for vaksne innvandrarar på eit mest mogleg lettfatteleg språk. Heftet er skrive i samsvar med dei krava til lettlespublikasjonar som Statens informasjonsteneste har formidla.
Løp B
Læremiddelet vender seg til lærarar og elevar i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege, løp B.
Prosjektet er sett i verk av Undervisnings- og forskingsdepartementet. Vox har stått for gjennomføringa.
Informasjon om boka
Forfattere: Diana Alnæs, Signe Vibeche Holte, Tove-Dina Røynestad
ISBN: 82-7724-056-2
Utgitt: Vox 2006
Sidetal: 110
Pris: kr 250,- + porto/eksp.
Bestill
Se også
Temaheftet «Kropp og helse» er beregnet på lærere og deltakere i norskundervisning for fremmeds...