ENIL – Europeisk nettverk for læring mellom generasjonar

.

Nettverket skal gi til auka bruk av læring mellom generasjonar, ein metode der fleire generasjonar deltek i aktivitetar for å lære av kvarandre eller av ein lærar. ENIL står for European Network for Intergenerational Learning.

Intergenerational learning (IGL) byggjer på familielæring, men inneber at deltakarane ikkje nødvendigvis er i slekt eller har ein personleg relasjon til kvarandre i utgangspunktet.

ENIL skal

  • utvikle ei nettbasert plattform for deling av god praksis, nyheiter og utvikling innan IGL
  • leggje tilrette for diskusjon og felles forståing av IGL
  • utvikle ei fleirspråkleg ordliste for å klargjere bruken av omgrep innan IGL
  • auke kjennskap til og bruk av IGL
  • styrke uformelle nettverk
  • hjelpe til politikkutforming gjennom å dokumentere gode modellar

Partnerar

ENIL blir koordinert av EPFF (Espace Pédagogique Formation France) i Marseille og har 25 partnerar frå 20 europeiske land. Vox er den norske partneren.

Prosjektperiode

Desember 2010 – desember 2013

Konferansar

  • Intergenerational Learning and Volunteering, Roma 9.–12. november 2011
  • Intergenerational Learning and Active Aging, Nürnberg, 22.–23. november 2012
  • Sluttkonferanse, Brussel, 8.–13. oktober 2013*

* Datoen kan bli endra

Bakgrunn

ENIL er støtta av EU sin Lifelong Learning Programme, og byggjer på arbeidet i European Family Learning Network, 2006 – 2009 og Falcon, 2004 – 2005.

Nettstad

Følg nettverket på: www.enilnet.eu